Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Leilighet sentralt i Førde

Angedalsvegen 43D 6810 Førde
Pris fra
4 825 000 kr
Rune Ottesen
Prosjektleiar

Nøkkelinfo

Soverom

2

Eierform

Eier (Selveier)

Boligtype

Leilighet

Gårdsnr.

22

Bruksnr.

52

.

Vi har gleda av å presentere ei ny leilegheit på Smedstad. Leilegheita ligg i Angedalsvegen, med gangavstand til sentrum, barnehagar, skular, matbutikk og sentralsjukehus. Tomta ligg strategisk til og har sol omtrent heile året. Leilegheita har stor terrasse der ein kan nyte mykje ettermiddags- og kveldssol. I tillegg til eigen balkong har du moglegheit til å bruke dei flotte fellesområdene som er på tomta. Med på kjøpet får du ein felles takterrasse, to gjesteleilegheiter dersom ein skulle trenge fleire sengeplassar, samt Oskars Hage - med sine mange lune og skjerma område, kan du vere sikker på å nyte sommardagen ute. Ein del av tomta er omkransa av ei lita grov som munnar ut i elva Anga. Det er opparbeida ein tursti kant i kant med elva der ein kan ane lyden av bekkesildring, eller studere småfiskane som lev her.

Med sin spennande arkitektur er Smedstad eit bustadprosjekt som har treft mange ulike kjøpargrupper. Smedstad skal vere ein plass der man skal trivast. Vi har lagt vekt på praktiske og funksjonelle løysingar med ein god porsjon komfort. Leilegheita har påkosta kvalitetar, store vindauge, romslege sørvest vendt terrasse og god planløysing.

Gjesterom til dine gjester

Venter du besøk av venner eller familie? På Smedstad får du tilgang til gjesterom som du kan booke etter behov eller når du venter gjester.

Her er det to tilgjengelege gjesterom, der du kan velje å booke ein eller begge. Romma er fullt innreia med lite kjøkken, eige bad, senger, dyner, bord og stol. Gjesteromma har kjøleskåp og vann kokar om du ønsker morgon kaffi eller ein tekopp på sengekanten.

Beliggenhet

Smedstad ligg tett opp mot Anga ved innkøyringa til Grovene. Set du pris på byens mange tilbod, men ynskjer å bu i rolege omgjevnader? Då er Smedstad plassen for deg.
På aksen mellom sentrum og sjukehuset finn du den beste plasseringa om du ynskjer gangavstand til alt Førde kan by på. Dei fleste som bur her går eller syklar til jobb og fritidstilbod. Her er det kort avstand til Førdes største arbeidsplass og dei ulike skulemiljøa, kulturhuset Førdehuset, idrettsparken på Hafstad og sentrumskjerna med alle tilbod og tenester. Om du skal shoppe, trene, gå på fjellet eller på kafé er alt innan rekkevidde. Frå Smedstad kan du ta spontanturar med vennegjengen til sentrum, eller samle tankane åleine på ein roleg kveldstur rundt Bruene. Moglegheitene for korte og lengre fjellturar finn du like om hjørnet - Valet er ditt!

Standard

Heis
Det er felles trappe hus med heis i bygget.

Kjøkken
Her kan du være med å sette ditt eige preg, da kjøkken ikkje er bestilt enda. Eller om du ønsker å trekke dette ut i sin heilhet, så står du fritt for det.
Kjøkken er planlagt frå HTH med Integrerte kvitevarer som oppvaskmaskin, induksjon platetopp, komfyr og kombinert kjøl-/fryseskåp.

Bad
Her kan du være med å sette ditt eige preg, da innreiinga ikkje er bestilt enda. Eller om du ønsker å trekke dette ut i sin heilheit, så står du fritt for det.

Baderomsinnredning er planlagt med typen Hilde kvit matt frå Linn-bad med Brage porselensservant. Hilde speil med alu.ramme og LED-belysning føljer størrelsen på innredninga samt.

På bad vert det levert; Vegghengt toalett, 90 x 90 cm dusjveggar, dusjsett med dusjhovud og blandebatteri og opplegg for vaskemaskin.

Overflater
I leilegheitene blir det levert golv i høgtrykkslaminat frå Berry Alloc, i serien Ocean Bloom Sand Natural – med breie 1-stavs golvbord.

Veggar i stove og kjøkken og entre vert levert med målte gipsveggar i fargen Jotun Space, som er ein lett beige farge. Resterande rom utanom bad blir levert med ferdigmålte plater av typen Huntonit Microfuge i fargen kvit.

Himling på kjøkken, stove og entre vert levert med sparkla og målte gipsplater, med listefri utføring mellom vegg og tak.
Himling på resterande rom med vert levert med Huntonit Symfoni og taklist av typen enkel skygge i størrelse 21x034mm.

Overflater på bad blir levert med Baderomsplater på veggane frå Fibo. På golvet blir det levert keramisk flis i størrelsen 30x30cm med mosaikk i dusjen.

Alle innvendige lister og fòringar er fabrikkmalt frå leverandør. Golvlister blir levert i størrelsen 14x060 mm og følgjer golvfargen.

Altan
På terrassen er det montert terrassebord av typen Møre Royal, Consise grå. Glassrekkverk med skjulte stolpar for eit moderne og tidsriktig uttrykk.

Balansert ventilasjon
For oppvarming og ventilering av leilegheitene er det avtrekksvarmepumper medvassbåren golvvarme med termostat. Avtrekksvarmepumpa gjenvinn energi via avtrekkslufta, supplert med elektrokolbe, og gir bustaden varme, varmtvatn og balansert ventilasjon. Anlegget er montert i innvendig bod, og kvar bustad har sitt eige anlegg.

Oppvarming/Energi

Leilegheita har vassbåren golv varme i stove, kjøkken og entre. Med vassbåren varme fra varmepumpe får du jevn, behagelig varme, godt inneklima og forutsigbare strøm kostnadar. Golvet varmast opp med varmt vann og har lav overflatetemperatur. Det gjer blant anna at brent støv som virvles opp fra elektriske panelovner nærmast blir eliminert.
Det er også derfor vassbåren varme anbefalast av Norges Astma- og Allergiforbund.
Bad og vaskerom utstyrt med elektrisk golvvarme, som sikrar forbrukaren behageleg og rask varme på badegolvet.

Energimerking
Leilegheita har energikarakter A er dagens krav etter TEK17.

Garasje/parkering/sportsbod

Leilegheita disponera 1 stykk utvendig parkeringsplass, samt 1 stk innvendig sportsbod i trappeoppgang.

Det er mogleg å kjøpe innvendig garasjeplass for kroner 300.000,-

Alle parkeringsplasser vert tilrettelagt for ettermontering av ladesystem for El-bil, der ladar må kjøpast som tilval hjå elektrikar. Det vert levert med felles administrasjonsprogram for Easee Charge ladeanlegg.