Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Utruleg lekker bustad med høg standard, populær plassering i attraktive og barnevenlege Botn med kort avstand til Hafslo

Botn 43 6869 Hafslo
Pris fra
6 750 000 kr
Alexander Tveit Beheim
Seljar

Nøkkelinfo

Soverom

4

Eierform

Eier (Selveier)

Primærrom

185 m2

Gårdsnr.

155

Bruksnr.

223

Bustaden

Flott eigedom i Botn med kort avstand til det meste Hafslo har og by på!

Om bustaden:
Du kjem inn i ein stor hall med god moglegheit for garderobeløysing. I denne etasjen finn ein dobbelgarasje med eigen tilkomst frå eit stort og praktisk vaskerom/sluse. Vidare i denne etasjen er det tre soverom, stor bod/teknisk, stove og eit lekkert bad.
I bustaden sin andre etasje er det eit soverom med eige walk-in garderobe samt tilgang til eige bad. Kjøkkenet frå kvalitetsleverandøren Sigdal er velutstyrt, her er det integrerte kvitevarer, ei stor og praktisk kjøkkenøy med barløysing som gir rom for sosialt samvær når ein lagar mat. Frå kjøkkenet er det direkte utgang til ein stor veranda som er delvis overbygd, vidare til hage. Stove med store vindauge som gjev godt lysinnslepp og utsyn til «heile» Hafslo, vatnet og ut mot sentrum.
Gode moglegheiter til fleire sitjegrupper og spisestove.

Område og tomta:
Botn er eit relativt nytt bustadfelt på Hafslo. Frå bustaden har ein panoramautsikt over Hafslovatnet og store delar av Hafslo, det og gangavstand til blant anna butikk, skular, barnehagar og samfunnshus. Bustadfeltet er roleg og barnevennleg, og godt skjerma utan gjennomgangstrafikk. Borna vil få ein trygg veg til skulen med gangveg frå bustadfeltet. I Botn har du i tillegg flotte turområde, og Hafslovatnet i direkte nærleik. Botn bustadfelt er ein god stad å bu, og veksa opp! Populære trimturar i området er blant anna Molden og Solvorn-nipa, i tillegg til kort veg til Solvorn der ein kan nyte fine sommarsdagar på ein av Noregs finaste badestrender.

Tomta er skråande, men relativt flat på baksida, tomta er omlag 561 kvadratmeter. Tomta ligg i eit solrikt område med nærleik til vatnet. Frå bustaden er det gangfelt til Hafslo sentrum med dei fleste fasilitetar, som daglegvarebutikk, bank, skule (1.-10.klasse) samt barnehagar. Kommunal veg til eigedomsgrensa, der den kommunalevegen er asfaltert, vert vinterbrøytt samt vert opplyst av gatelys. Tomta er sjølveigar; parkering i garasjen og elles på eige tun, tunet vert gruslagt, grøntareal vert klargjort til såing (grovplanert).

Beskrivelse

Botn er eit nytt bustadfelt på Hafslo. Her får du panoramautsikt over Hafslovatnet og store delar av Hafslo, det og gangavstand til blant anna butikk, skular, barnehagar og samfunnshus. Bustadfeltet er roleg og barnevennleg, og godt skjerma utan gjennomgangstrafikk. Borna vil få ein trygg veg til skulen med gangveg frå bustadfeltet. I Botn har du i tillegg flotte turområde og Hafslovatnet i direkte nærleik. Botnbustadfelt skal verte ein god stad å bu og veksa opp på! Populære trimmeturar i området er blant anna Molden og Solvornnipa, det er og kort veg til Solvorn der ein kan nyte fine sommarsdagar på ein av Noregs finaste badestrand? Botnbustadfelt vert det bygd moderne einebustader, tomannsbustader, leilegheiter i firemannsbustader og lågblokker.

Parkering/anna

Det er vert opparbeida parkeringsplass i garasjeanlegg, parkering ellers på tomt, utandørs.

Åtkomst
Frå Essostasjonen på Hafslo som ligg ved fylkesveg 55 tek du av mot Hafslo sentrum, her føl du fylkesvegen 337 i om lag 300meter, frå fylkesvegen tek du av til venstre mot Botn. Følg denne vegen i om lag 300 meter, då har du bustaden på venstre hand.

Regulering
Eiendommen er regulert av følgende plan: Detaljreguleringsplan for Botn.
LUSTER KOMMUNE
(Plan-id 1426-2016004)

Anna/atterhald

- Alle bilete i salsoppgåva er illustrasjonsbilete, avvik frå illustrasjon vil førekome. Bustaden er umøblert og utan utandørs planting.
- Alle innvendige og utvendige areal, samt beskriving av bygning er henta frå bygningsteikningar.
- Dersom det skulle være forskjell mellom beskrivinga av eigedomen og materialleveransen, er det materialleveransen som går føre.
- Det tas atterhald om trykkfeil.

Atterhald
- Det vert teke atterhald om panthavars samtykke.
- Det vert teke atterhald om endeleg godkjenning av byggjelåns finansiering.
- Spesifiserte produkt eller løysningar på bygg eller utomhus omtala i denne leveransebeskriving kan verte endra av utbyggjar under byggjeprosessen. Slike endringar skal ikkje medføre verdiforring av eigedomen eller vesentleg endring av bustadens funksjon og standard. Der det er angitt alternative løysingar eller materialbruk føretek utbyggjer det endelege val.