Hopp til hovedinnhold
1 / 0

I Storeåkeren skal det vera godt å bu – som førstegangskjøpar eller for deg som ønskjer noko nytt.

Gardavegen 6868 Gaupne
Pris fra
2 388 000 kr
Alexander Tveit Beheim
Seljar

Nøkkelinfo

Soverom

2

Eierform

Eier (Selveier)

Primærrom

59 m2

Gårdsnr.

81

Bruksnr.

35

Om prosjektet

Storeåkeren er eit nytt bustadfelt i Gaupne, som ligg i eit populært og ettertrakta område, først og fremst på grunn av nærleiken til Gaupne sentrum, gode solforhald, flatt og tett til mange fine turar frå eigen «bakhage». Frå Storeåkeren er det gangavstand til blant anna butikkar/kjøpesenter, skular, barnehagar, legesenter, Lustrabadet, nytt idrettsanlegg og Rådhuset. Bustadfeltet er roleg, barnevenleg, og godt skjerma utan gjennomgangstrafikk. Storeåkeren har i tillegg flotte turområde i direkte nærleik som turveg langs Engjadalselva. Nyttar ein Engjadalen som utgangspunkt har ein mange fine turar, blant anna Vorfjellet. I Storeåkeren er det planlagt bygd moderne einebustadar, rekkjehus og leilegheitsbygg.

Her flyttar du inn i ein ny bustad med minimalt vedlikehald dei første åra, dette gjer til at ein kan nytte fritida si på andre ting, som turar – i fjell, inn- og utanlands, trening, familie eller berre å kople av på terrassen.

Ønskjer du ein enklare kvardag, ønskjer du deg vekk frå stor einebustad med hage? Då er dette eit godt alternativ. Her får du ein bustad som er framtidssikra med ein god planløysing, ein vil få alle dei nødvendige romma på eit og same plan. To soverom, bad, kjøkken og stove, i første etasje – livslaupsstandard. Her kan ein med andre ord bu godt i alle livsfasar.

Om leilegheitene

4 lyse og moderne leilegheiter på eit plan med 2 soverom, opphaldsrom og bad. To i hovudetasjen og to i andre etasjen. Leilegheitene har ein romsleg og solrik veranda med spilerekkverk vendt mot Gaupne sentrum. Her har du god plass til å nyte fine sommarsdagar med familie og venner. Gode parkeringsløysingar på eige tun. Opphaldsrommet har opa stove og kjøkkenløysing med direkte utgang til veranda, og harellom anna peisomn og store vindauge som slepp inn mykje naturleg lys.

Standard

  • Alle vindauge og balkongdører vert levert kvite med trelagsvindauge
  • Alle tørre rom vert levert med laminat Kronotex Mammut Everest Oak beige 3081, merk at inngang/entre vert rekna som tørt rom
  • Bustaden vert levert ferdigmåla utvendig, dette gjeld ikkje impregnert materiale
  • Vannbåren varme i stove/kjøkken/gang og bad.
  • Alle veggar på tørre rom vert levert med Huntonitt plater av typen Fas 6 bord kostemalt – kvite. Himlingar i alle rom vert levert med takess.
  • Bad vert levert med kontorets standardfliser 20x20 Demireks Exil Grey og 10x10 i dusjsone på golv, med sokkelflis. Veggane vert tekka med våtromsplater av typen fortissimo 3091 med flismønster 60x40. Varmekabel på bad. Belegg frå Gerbad på teknisk.
  • Baderoms møblar frå kvalitetsleverandøren LinnBad av typen Hilde med spegelskap, her er det tre fargar å velje i mellom.
  • Innreiingspakke frå kvalitetsleverandøren Sigdal med montering og kvitevarer.
  • Komplett tilbod hjå elektrikar med lampepunkt, stikkontaktar og liknande samt spottar, her får kunde møte med elektrikar der ein kan bestemme plassering av dei ulike punkta.
  • Komplett tilbod hjå røyrleggjar med blant anna utekran, golvmontert toalett, blandebatteri og dusjarmatur frå Oras, 200 liters varmtvannsberedar.
  • Alle foringar og listverk rundt vindauge, balkongdører, ytterdører og innvendig dører vert levert kvite, synlege spikarhol.
  • Liten platting ved inngangspartiet og ved stove, levert i impregnert materiale.
  • Bustaden slik som teikningane viser
  • Grøntareal vert grovplanert utvendig og veg vert klargjort til asfaltering.

Tomta

Tomta er flat og er på om lag 3100 kvadratmeter. Frå eigedomen er det gangfelt til Gaupne sentrum med dei fleste fasilitetar, som daglegvarebutikk, bank, skular (1.-10.klasse) samt barnehagar. Kommunalveg til eigedomsgrensa, den kommunalevegen vert asfaltert og vinterbrøytt, samt opplyst av gatelys.

Åtkomst

Du tek av frå Lustravegen/Riksveg 55 og inn mot Råhusvegen, her føl du Rådhusvegen 200 meter til første kryss. Her tek du til venstre og køyrer vidare 1 km på Øyagata, her i frå tek ein til høgre, opp Gardavegen, 50 meter inn finn du det nye feltet i Gaupne – Storeåkeren.

Atterhald

  • Det vert teke atterhald om panthavars samtykke.
  • Det vert teke atterhald om endeleg godkjenning av byggjelåns finansiering.
  • Spesifiserte produkt eller løysningar på bygg eller utomhus omtala i denne leveransebeskriving kan verte endra av utbyggjar under byggjeprosessen. Slike endringar skal ikkje medføre verdiforring av eigedomen eller vesentleg endring av bustadens funksjon og standard. Der det er angitt alternative løysingar eller materialbruk føretek utbyggjer det endelege val.
  • 3/4 av einingane må være selde før oppstart
  • Alle bilete i salsoppgåva er Illustrasjonsbilete. Bustaden er umøblert og utan utandørs planting, asfaltering og plen.
  • Det tas atterhald om trykkfeil.


Regulering:
Eiendommen er regulert av følgende plan: Detaljregulering for Storeåkeren bustadfelt Gaupne, LUSTER KOMMUNE, (Plan-id 4644-2020009)