Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Utruleg lekker bustad med høg standard, populær plassering i attraktive og barnevenlege Botn med kort avstand til Hafslo

Botn 43 6869 Hafslo
Alexander Tveit Beheim
Seljar

Nøkkelinfo

Eierform

Eier (Selveier)

Boligtype

Enebolig

Flott eigedom i Botn med kort avstand til det meste Hafslo har og by på!

Om bustaden:
Du kjem inn i ein stor hall med god moglegheit for garderobeløysing. I denne etasjen finn ein dobbelgarasje med eigen tilkomst frå eit stort og praktisk vaskerom/sluse. Vidare i denne etasjen er det tre soverom, stor bod/teknisk, stove og eit lekkert bad.
I bustaden sin andre etasje er det eit soverom med eige walk-in garderobe samt tilgang til eige bad. Kjøkkenet frå kvalitetsleverandøren Sigdal er velutstyrt, her er det integrerte kvitevarer, ei stor og praktisk kjøkkenøy med barløysing som gir rom for sosialt samvær når ein lagar mat. Frå kjøkkenet er det direkte utgang til ein stor veranda som er delvis overbygd, vidare til hage. Stove med store vindauge som gjev godt lysinnslepp og utsyn til «heile» Hafslo, vatnet og ut mot sentrum.
Gode moglegheiter til fleire sitjegrupper og spisestove. 

Område og tomta:
Botn er eit relativt nytt bustadfelt på Hafslo. Frå bustaden har ein panoramautsikt over Hafslovatnet og store delar av Hafslo, det og gangavstand til blant anna butikk, skular, barnehagar og samfunnshus. Bustadfeltet er roleg og barnevennleg, og godt skjerma utan gjennomgangstrafikk. Borna vil få ein trygg veg til skulen med gangveg frå bustadfeltet. I Botn har du i tillegg flotte turområde, og Hafslovatnet i direkte nærleik. Botn bustadfelt er ein god stad å bu, og veksa opp! Populære trimturar i området er blant anna Molden og Solvorn-nipa, i tillegg til kort veg til Solvorn der ein kan nyte fine sommarsdagar på ein av Noregs finaste badestrender.

Tomta er skråande, men relativt flat på baksida, tomta er omlag 561 kvadratmeter. Tomta ligg i eit solrikt område med nærleik til vatnet. Frå bustaden er det gangfelt til Hafslo sentrum med dei fleste fasilitetar, som daglegvarebutikk, bank, skule (1.-10.klasse) samt barnehagar. Kommunal veg til eigedomsgrensa, der den kommunalevegen er asfaltert, vert vinterbrøytt samt vert opplyst av gatelys. Tomta er sjølveigar; parkering i garasjen og elles på eige tun, tunet vert gruslagt, grøntareal vert klargjort til såing (grovplanert).