Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Innflyttingsklar leilegheit!

Angedalsvegen 43D 6810 Førde
Pris fra
4 850 000 kr
Stine Marie Stølsvik
Seljar
Prosjektet bygges av

Byggmester Stølsvik AS

Byggmester Stølsvik AS er en allsidig tømrerbedrift som holder til i sentrum av Førde. Bedriften ble etablert i 1979 og består i dag av godt kvalifiserte medarbeidere. Vi utfører både små og store oppdrag for privatmarkedet, offentlige virksomheter og næringslivet i Førde og omegn.

Gå til forhandlersiden

Nøkkelinfo

Soverom

2

Eierform

Eier (Selveier)

Boligtype

Leilighet

Gårdsnr.

22

Bruksnr.

52

Nøkkel ferdig leilegheit

Vi har gleda av å presentere innflyttingsklar (medio oktober) leilegheit på Smedstad.
Leilegheita ligg i Angedalsvegen, med gangavstand til sentrum, barnehagar, skular, matbutikk og sentralsjukehus. Tomta ligg strategisk til og har sol omtrent heile året. Leilegheita har stor terrasse der ein kan nyte mykje ettermiddags- og kveldssol. I tillegg til eigen balkong har du moglegheit til å bruke dei flotte fellesområdene som er på tomta. Med på kjøpet får du ein felles takterrasse, to gjesteleilegheiter dersom ein skulle trenge fleire sengeplassar, samt Oskars Hage - med sine mange lune og skjerma område, kan du vere sikker på å nyte sommardagen ute. Ein del av tomta er omkransa av ei lita grov som munnar ut i elva Anga. Det er opparbeida ein tursti kant i kant med elva der ein kan ane lyden av bekkesildring, eller studere småfiskane som lev her.

Med sin spennande arkitektur er Smedstad eit bustadprosjekt som har treft mange ulike kjøpargrupper. Smedstad skal vere ein plass der man skal trivast. Vi har lagt vekt på praktiske og funksjonelle løysingar med ein god porsjon komfort. Leilegheita har påkosta kvalitetar, store vindauge, romslege sørvest vendt terrasse og god planløysing.

Gjesterom til dine gjester
Venter du besøk av venner eller familie? På Smedstad får du tilgang til å booke gjesterom etter behov eller når du venter gjester.
Her er det to tilgjengelege gjeste leilegheiter, der du kan velje å booke ein eller begge. Leilegheitene er fullt innreia med lite kjøkken, senger, dyner, bord og stol - det einaste du må ha med er handuk og sengetøy. Leilegheitene har kjøleskåp og vann kokar om du ønsker morgon kaffi eller ein tekopp på sengekanten.

Beliggenhet

Smedstad ligg tett opp mot Anga ved innkøyringa til Grovene. Set du pris på byens mange tilbod, men ynskjer å bu i rolege omgjevnader? Då er Smedstad plassen for deg.
På aksen mellom sentrum og sjukehuset finn du den beste plasseringa om du ynskjer gangavstand til alt Førde kan by på. Dei fleste som bur her går eller syklar til jobb og fritidstilbod. Her er det kort avstand til Førdes største arbeidsplass og dei ulike skulemiljøa, kulturhuset Førdehuset, idrettsparken på Hafstad og sentrumskjerna med alle tilbod og tenester. Om du skal shoppe, trene, gå på fjellet eller på kafé er alt innan rekkevidde.
Frå Smedstad kan du ta spontanturar med vennegjengen til sentrum, eller samle tankane åleine på ein roleg kveldstur rundt Bruene. Moglegheitene for korte og lengre fjellturar finn du like om hjørnet - Valet er ditt!

Standard

Kjøkken
Kjøkken frå HTH med laminat benkeplate. Vegg mellom benk og overskåp vert levert målt utføring med glass plate over ovn og vask. Integrerte kvitevarer som oppvaskmaskin, induksjon platetopp, komfyr og kombinert kjøl-/fryseskåp er inkludert i leveransen.

Bad
På bad blir det levert baderomsplater på veggane frå Fibo. På golvet blir det levert keramisk flis i størrelsen 30x30cm med mosaikk i dusjen.

Standard baderomsinnredning av typen Hilde kvit matt frå Linn-bad med Brage porselensservant. Hilde speil med alu.ramme og LED-belysning føljer størrelsen på innredninga samt eit-greps blandebatteri.

På bad vert det levert; Vegghengt toalett, servantskap med heildekkande vask, 90 x 90 cm dusjveggar, dusjsett med dusjhovud og blandebatteri og opplegg for vaskemaskin.

Andre oppholdsrom
I leilegheitene blir det levert golv i høgtrykkslaminat frå Berry Alloc, i serien Ocean Bloom Sand Natural – med breie 1-stavs golvbord.

Veggar i stove og kjøkken og entre vert levert med målte gipsveggar i fargen Jotun Space, som er ein lett beige farge. Resterande rom utanom bad blir levert med ferdigmålte plater av typen Huntonit Microfuge i fargen kvit.

Himling vert levert med sparkla og målte gipsplater, med listefri utføring mellom vegg og tak i kjøkken, stove og entre. Rom med ferdigmålte plater vert levert med taklist av typen enkel skygge i størrelse 21x034mm.

Alle innvendige lister og fòringar er fabrikkmalt frå leverandør. Golvlister blir levert i størrelsen 14x060 mm og følgjer golvfargen. Alt av listverk blir levert med synlege spikarhol.

På terrassen er det montert terrassebord av typen Møre Royal, Consise grå. Glassrekkverk med skjulte stolpar for eit moderne og tidsriktig uttrykk.

Balansert ventilasjon
For oppvarming og ventilering av leilegheitene er det avtrekksvarmepumper med vassbåren golvvarme med termostat. Avtrekksvarmepumpa gjenvinn energi via avtrekkslufta, supplert med elektrokolbe, og gir bustaden varme, varmtvatn og balansert ventilasjon. Anlegget er montert i innvendig bod, og kvar bustad har sitt eige anlegg.

Oppvarming/Energi
Leilegheita har vassbåren varme i golv i stove, kjøkken og entre. Med vassbåren varme fra varmepumpe får du jevn, behagelig varme, godt inneklima og forutsigbare strøm kostnadar. Golvet varmast opp med varmt vann og har lav overflatetemperatur. Det gjer blant anna at brent støv som virvles opp fra elektriske panelovner nærmast blir eliminert. Det er også derfor vassbåren varme anbefalast av Norges Astma- og Allergiforbund.
Bad og vaskerom utstyrt med elektrisk golvvarme, som sikrar forbrukaren behageleg og rask varme på badegolvet.

Energimerking
Leilegheita har energikarakter A er dagens krav etter TEK17.

Garasje/parkering/sportsbod
Leilegheita disponera 1 stykk utvendig parkeringsplass, P20, samt 1 stk innvendig sportsbod i trappeoppgang i plan 2. Det er mogleg å kjøpe innvendig garasjeplass for kroner 300.000,-.
Alle parkeringsplasser vert tilrettelagt for ettermontering av ladesystem for El-bil, der ladar må kjøpast som tilval hjå elektrikar. Det vert levert med felles administrasjonsprogram for Easee Charge ladeanlegg.

Trappehus/heis
Det er felles trappe hus med heis i bygget.

Illustrasjonar / bileter
Vi gjer oppmerksam på at alle innvendige bilete er illustrasjonsbilete av tilsvarande leilegheit.

Meld interesse

Din kontaktinformasjon

Din melding

Andre prosjekter fra Byggmester Stølsvik AS