Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Lyse og moderne leilegheiter på eit plan med 3 soverom, opphaldsrom og bad

Botn 6869 Hafslo
Pris fra
2 698 000 kr
Alexander Tveit Beheim
Seljar

Nøkkelinfo

Soverom

3

Eierform

Eier (Selveier)

Primærrom

77 m2

Gårdsnr.

155

Bruksnr.

241

Beskrivelse

Botn er eit nytt bustadfelt på Hafslo. Her får du panoramautsikt over Hafslovatnet og store delar av Hafslo, det og gangavstand til blant anna butikk, skular, barnehagar og samfunnshus. Bustadfeltet er roleg og barnevennleg, og godt skjerma utan gjennomgangstrafikk. Borna vil få ein trygg veg til skulen med gangveg frå bustadfeltet. I Botn har du i tillegg flotte turområde og Hafslovatnet i direkte nærleik. Botnbustadfelt skal verte ein god stad å bu og veksa opp på! Populære trimmeturar i området er blant anna Molden og Solvornnipa, det er og kort veg til Solvorn der ein kan nyte fine sommarsdagar på ein av Noregs finaste badestrand? Botnbustadfelt vert det bygd moderne einebustader, tomannsbustader, leilegheiter i firemannsbustader og lågblokker.

Om leilegheitene

Fire lyse og moderne leilegheiter på eit plan med 3 soverom, opphaldsrom og bad. To underetasjen i kvar firemannsbustad. Leilegheitene har ein romsleg og solrik veranda vendt mot Hafslovatnet. Her har du god plass til å nyte fine sommarsdagar med familie og venner. Gode parkeringsløysingar på eige tun. Opphaldsrommet har opa stove og kjøkkenløysing med direkte utgang til veranda, og inneheld mellom anna peisomn og store vindauge som slepp inn mykje naturleg lys.

Innhald

BRA: 85,2 kvadratmeter i underetasjen (medrekna terrasse og overbygde areal).
· Lys og fin leilegheit
· Stor terrasse vendt mot fantastisk utsikt
· Utvendig parkering.
· Tre soverom
· Opphaldsrom, open stove og kjøkkenløysing
· Eit bad med varmekablar
. Bod med delt funksjon som vaskerom
· Kjøkken og stove har open løysing.
· Store vindauge

Standard

Leilegheitene i Botn er planlagt med optimal plassutnytting og god standard.
Dei vert levert med blant anna:
· 1-stavs laminat av typen Kronotex Mammut Everest Oak Beige 3081.
· Våtromma vert levert med 20x20 grå standardfliser med sokkellist.
· Innreiingspakke av kvalitetskjøkken frå Sigdal
· Bad vert levert kvit innreiing med spegelskap av typen Hilde frå LinnBad. Det vert levert servant skap på 90 cm med to skuffer, sentrert servant og spegelskap med integrert lys og stikkontakt, dusjhjørne 90x90 på bad i hovudetasjen. Det vert levert golvmontert toalett på bad.
· Alle romma vert levert med kvite ferdigmalte huntonit plater på vegg og himling.
· Veggane på våtromma vert levert med baderomsplater av typen Fortissimo Denver White 3091-F01
· Komplett balansert ventilasjonsanlegg ihht. TEK 17
· Vindauge og terrassedører vert levert svartmåla med energiglas.
· Listverk leverast kvite, fabrikkmalt med synlege spikarhol
· Peisomn vert levert av Nordpeis

Parkering/anna

Det er vert opparbeida parkeringsplass i garasjeanlegg, det er rekna ein parkeringsplass i anlegget per sekjson, parkering ellers på tomt, utandørs.

Åtkomst
Frå Essostasjonen på Hafslo som ligg ved fylkesveg 55 tek du av mot Hafslo sentrum, her føl du fylkesvegen 337 i om lag 300meter, frå fylkesvegen tek du av til venstre mot Botn. Følg denne vegen i om lag 400 meter, ta av til venstre føl denne vegen 170meter du vil sjå tomta på venstre side.

Regulering
Eiendommen er regulert av følgende plan: Detaljreguleringsplan for Botn.
LUSTER KOMMUNE
(Plan-id 1426-2016004)

Anna

- Alle bilete i salsoppgåva er illustrasjonsbilete, avvik frå illustrasjon vil førekome. Bustaden er umøblert og utan utandørs planting.
- Alle innvendige og utvendige areal, samt beskriving av bygning er henta frå bygningsteikningar.
- Dersom det skulle være forskjell mellom beskrivinga av eigedomen og materialleveransen, er det materialleveransen som går føre.
- Det tas atterhald om trykkfeil.

Atterhald
- Det vert teke atterhald om panthavars samtykke.
- Det vert teke atterhald om endeleg godkjenning av byggjelåns finansiering.
- Spesifiserte produkt eller løysningar på bygg eller utomhus omtala i denne leveransebeskriving kan verte endra av utbyggjar under byggjeprosessen. Slike endringar skal ikkje medføre verdiforring av eigedomen eller vesentleg endring av bustadens funksjon og standard. Der det er angitt alternative løysingar eller materialbruk føretek utbyggjer det endelege val.

Om Tomta
Tomta er skråande og vert opparbeida etter situasjonsplan, uteareal vert eigd av alle seksjonseigarane. Tomta ligg med direkte nærleik til vatnet med ei fantastisk utsikt over vatnet og store delar av Hafslo. Frå eigedomen er det gangavstand til Hafslo sentrum med dei fleste fasilitetar, som daglegvarebutikk, bank, skular (1.-10.klasse) samt barnehagar.