Bu landleg, samtidig som du har sentrum like ved deg. Dette er ein koseleg tun å bu, sentralt på Hareid
Isakmarka 34 6060 HareidNøkkelinfo
Soverom
Eierform
Primærrom
Gårdsnr.
Bruksnr.
Beskrivelse
ENKEL SKILDRING AV VÅR STANDARD.
Generelt:
Bustaden vert levert i tråd med TEK. 2017. Bustadene vert levert etter Mesterhus Sunnmøre sin nøkkelferdige standard.
Det som ikkje er inkludert er; nedvask av bustaden før innflytting, kvite- og brunevarar, dusjkabinett/veggar og belysning m.a.
Du betaler bustaden når bustaden er ferdig og du skal overte bustaden..
Utvendig overflate:
Utvendig bordkledning vert levert med eit strøk grunningsfarge. På taket vert det levert sveisa takpapp. Balkong/terrassebord består av trykkimpregnerte materiale.
Innreiing/måling:
Bustaden vert levert med kvite tak- og veggplater. På veggane er det Huntonit 3 bords plater, og Huntonit kvite takplater. Dører, vindauge, listverk og fôringar til vindauga er kvite. Veggar og golv på bad er flislagde med varmekablar i golvet. På innvendig bod vert det lagt fliser på golv. På soverom, gang, stove og kjøken vert det lagt høgtrykkslaminat, type; Elegant Eik Natur. På innvendig bod der det er plassert varmtvannstank vert det lagt flis på golv, og ca. 10 cm opp etter vegg. Er det ei tørr bod så er der høgtrykks-laminat på golvet. Bustaden vert levert med vannbåren varme i golv på stove og kjøken.
Kjøken, bad og garderobe innreiing:
Kjøken er av type Nordsjø Riga Eik grå. Baderomsinnreiing av type Nordsjø Riga Eik, grå. I Riga serien på kjøken og bad kan du velje mellom Eik natur, Eik svart og Eik grå. På vårt bilde i prospektet viser vi; Eik Natur og Eik svart på kjøken, og Eik Sort på bad. Dersom du er ute tidleg så kan du kan du velje mellom fleire frontar på kjøken og bad. På badet er der ein 120 cm seksjon med to skuffer, og med spegel med integrerte lys. Garderobeskap leverer vi med eitt garderobeskap til kvar sengeplass. Alt blir levert og montert i h.h.t teikning.
Røyrleggar:
Anlegget vert levert komplett, og omfattar blant anna varmtvasstank (200L), avløp og uttak for vaskemaskin og oppvaskmaskin, eitt greps blandebatteri, dusjbatteri med dusjsett til bad, i h.h.t teikning. Det vert levert to utekranar per hus. Bustaden vert levert med vannbåren varme i golv på stove og kjøken.
Ventilasjon:
God ventilasjon er avgjerande for eit godt innemiljø. Derfor vert bustaden levert med balansert ventilasjon med varmegjenvinnar.
Elektriske installasjonar og oppvarming:
Elektrisk anlegg er utført etter gjeldande forskrifter som sikrar nok elektriske punkt. Sikringsskap med automatsikringar og jordfeilbrytar.
Bustaden vert levert med vannbåren varme i golva på stove og kjøken.
Uteplass:
Leilegheitene vil få terrasse mot sør og vest. Uteområdet vert levert maskinplanert, og ein må rekne med å plukke småstein, rake, så plenen og plante sjølv.
For meir detaljer så viser vi til våra si leveringsskildring.