Tre moderne einebustader til sals i Dragsundråsa 14, 16 og 18
Dragsundråsa 14,16 og 18 6080 GurskøyNøkkelinfo
Soverom
Eierform
Primærrom
Gårdsnr.
Bruksnr.
Beskrivelse
Ferdigstilling:
Bustaden vert levert i tråd med Teknisk Forskrift av 2017, og etter vårt nøkkelferdige konsept. Dusjveggar, møblar, kvitevarer og belysning er ikkje inkludert.
Utvendig overflate:
Bordkledninga vert levert med to strøk beis (eitt strøk grunningsfarge og eitt mellomstrøk). Her må ein rekne med å male det siste strøket som eigeninnsats. På taket vert det levert takpapp. Berande konstruksjonar og dekke på balkong/terrasse består av trykkimpregnerte materiale og glasrekkverk.
Innreiing/måling:
Innvendige veggar leverast med kvitmalte tak- og veggplater frå Huntonit. Dører, vindauge, listverk og fôringar til vindauga er kvitmalte. Veggar og golv på bad er flislagde. På veggane i vaskerom vert det levert Huntonit veggplater, og på golvet blir det flis. På golvet i alle andre tørre rom vert det levert Berry Alloc høgtrykkslaminat.
I boda vert plassering av V.V.T. og balansert ventilasjon. Veggane i boda er kledde med Huntonit, og på golvet er det flis.
Kjøken, bad- og garderobeinnreiing:
Kjøken- og baderomsinnreiing er av type Nordsjø, Riga serien, levert av Hygge Design AS. Her kan du velje mellom fleire standardfargar. Kjøken- og baderomsinnreiing vert leverte i h.h.t. arkitektteikning. Spegelen på bad har integrerte lys. Det vert levert 1m garderobeskap til kvar sengeplass, og desse vert plasserte i h.h.t teikning.
Røyrleggjararbeid:
Anlegget vert levert komplett, og omfattar blant anna varmtvasstank (200L), avløp og uttak for vaskemaskin og oppvaskmaskin. Dusjbatteri med garnityr til badet er i h.h.t teikning. Det som er stipla er ikkje med i leveransen frå Mesterhus, men er stipla inn for å vise mogleg plassering. Til kvar bustad er det med utvendig vasskrane.
Ventilasjon og Oppvarming:
God ventilasjon er avgjerande for eit godt innemiljø, og for å halde oppvarmings-utgiftene så lave som mogeleg. Difor vert bustadane leverte med balansert ventilasjon med varmegjenvinnar. I tillegg har bustadane vedomn og stålpipe.
Elektriske installasjonar:
Elektrisk anlegg er utført etter gjeldande forskrifter. De skal ha eige møte med elektrikar, og der går de gjennom punktplassering i din bustad.
Carport:
Det er ei sportsbod i bakkant av carport, og det vil vere tilkomst opp til bustaden.
Uteplass:
Leilegheitene har terrasse mot sør. Plenen leverast planert med stedlige masser. Ein må rekne med å plukke stein i molda før tilsåing. Interne vegar vert levert med grus.