Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Flott tomannsbustad i etablert buområde, med fin utsikt utover Ulsteinfjorden og havet i Vest

Jarbryggjevegen, 6065 Ulsteinvik
Pris fra
4 990 000 kr

Soverom

4

Eieform

Eier (Selveier)

Primærrom

126 m2

Gårdsnr.

6

Bruksnr.

258
Odd Martin Lindvik Velsvik
Salssjef

Beskrivelse

Dette er ei 6 roms bustad med fire soverom og to stove. Det er ein populær tomannsbustad frå Mesterhus. Huset er ein stor og moderne bustad med to opphaldssone med stove og TV-stove, fire soverom, kjøken, terrasse med glasrekkverk, bad, bod, garasje og sportsbod.

Bustaden har moderne utforming med lyse overflater og god kvalitet på materialar. Kjøken- og baderomsinnreiinga er levert av Hygge Design AS i Volda.
 
Bustaden ligg i eit etablert bustadområde med sentral plassering. Det er gå avstand til Ulsteinvik sentrum, barneskule, barnehage, butikkar, busstopp, rekreasjonsområde og leikeplass m.m.

ENKEL SKILDRING AV LEVERANSEN

Ferdigstilling
Bustaden vert levert i tråd med Teknisk Forskrift av 2017, og etter vårt nøkkelferdige konsept. Dusjveggar, møblar, kvitevarer og belysning er ikkje inkludert.

Utvendig overflate
Bordkledninga vert levert med to strøk beis (eitt strøk grunningsfarge, og eitt mellomstrøk). Her må de rekne med å male det siste strøket som eigeninnsats. På taket vert det levert takpapp. Berande konstruksjonar og dekke på balkong/terrasse består av trykkimpregnert materiale og glasrekkverk.

Innreiing/måling
Innvendige veggar leverast med kvitmalte tak- og veggplater frå Huntonit. Dører, vindauge, listverk og fôringar til vindauga er kvitmalte. Veggar og golv på bad er flislagde. På vaskerom vert veggane Huntonit veggplater, og på golvet er der flis. På golvet i alle andre tørre rom vert det levert Berry Alloc høgtrykkslaminat. Det er bod bak garasjen, og det vil vere tilkomst opp til bustaden. I boda vert plassering av V.V.T. og balansert ventilasjon. Veggane i boda er kledde med Huntonit, og på golvet er det flis.

Kjøken, bad- og garderobeinnreiing
Kjøken- og baderomsinnreiing er av type Nordsjø, Riga serien, levert av Hygge Design AS. Her kan de velje mellom fleire standardfargar. Kjøken- og baderomsinnreiing vert leverte i h.h.t. arkitektteikning. Spegelen på bad har integrerte lys. Det vert levert 1m garderobeskap til kvar sengeplass, og desse vert plasserte i h.h.t teikning.

Røyrleggjararbeid
Anlegget vert levert komplett, og omfattar blant anna varmtvasstank (200L), avløp og uttak for vaskemaskin og oppvaskmaskin. Dusjbatteri med garnityr til badet er i h.h.t teikning. Det som er stipla er ikkje med i leveransen frå Mesterhus, men er stipla inn for å vise mogeleg plassering. Til kvar bustad er det med utvendig vasskrane.

Ventilasjon og Oppvarming
God ventilasjon er avgjerande for eit godt innemiljø, og for å halde oppvarmings-utgiftene så lave som mogeleg. Difor vert bustadane leverte med balansert ventilasjon med varmegjenvinnar. I tillegg har bustadane vedomn og stålpipe.

Elektriske installasjonar
Elektrisk anlegg er utført etter gjeldande forskrifter. De skal ha eige møte med elektrikar, og der går de gjennom punktplassering i din bustad.  

Energiklasse
Våra hus er i energiklasse B. Enkelte bankar gir rimelegare lån med denne energiklassa, såkalla grønne lån.

Uteplass
Leilegheitene har terrasse mot sør. Plenen leverast planert med masse frå tomta. De må rekne med å plukke stein i molda før såing. Interne vegar vert levert med asfalt.