Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Moderne og romsleg einebustad med fire soverom, stor stove, spisestove og garasje. Her er også ca. 50m² terrasse/balkong

Isakmarka 40, 6060 Hareid
Pris fra
4 950 000 kr

Soverom

4

Eieform

Eier (Selveier)

Primærrom

155 m2

Gårdsnr.

41

Bruksnr.

1318
Odd Martin Lindvik Velsvik
Salssjef

Beskrivelse

Dette er ein stor og flott bustad på heile 177 m² BRA, inkl. garasje og sportsbod. Bustaden er i utgangspunktet tenkt bygd fire soverom, men det er mogleg å bygge slik det blir fem soverom.

I 2. etg er det; kontor/bod, kjøken, bad og stove. Frå stova i 2.etg. er der skyvedør ut på ein stor terrasse på 43,6 m². På terrassen vil der vere glasrekkverk.
I 1 etg. vil du finne; sportsbod, carport, 3 eller 4 soverom, bad, bod, Tv-stove (kan gjerast om til det femte soveromet), med utgang til ein terrasse/balkong på 8 m² 
Bustaden ligg fint til med korte avstandar til det meste i Hareid sentrum.
Vegen inn i feltet er kommunal, og dei interne vegane er asfalterte.

Om du kjem tidleg inn i prosessen kan du gjere endringar og forme bustaden etter din smak.

Vi nyttar lyse overflater og god kvalitet på dei materialane. Kjøken- og baderomsinnreiing er frå Nordsjø, og er levert av Hygge Design AS. 

ENKEL SKILDRING AV VÅR STANDARD

ENKEL SKILDRING
Ferdigstilling:
Bustaden vert levert i tråd med Teknisk Forskrift 2015 og den vert levert etter vårt nøkkelferdige konsept. Det einaste som ikkje er inkludert er nedvask, kvitevarer og belysning.

Utvendig overflate:
Utvendig bordkledning vert levert med eit strøk grunningsfarge. På taket vert det levert takpapp. Balkong/terrassebord består av trykkimpregnerte materiale.

Innreiing/måling:
Bustaden vert levert med kvite tak- og veggplater. På veggane er det Huntonitt 3 bords plater, og Huntonitt kvite takplater.

Dører, vindauge, listverk og fôringar til vindauga er kvite. Veggar og golv på bad er flislagde med varmekablar i golvet. På innvendig bod vert det lagt fliser på golv. I soverom, gang, stove og kjøken vert det lagt høgtrykkslaminat type Elegant Eik Natur. Innvendig bod vert det lagt flis på golv. Bustaden vert levert med vedomn og stålpipe i stove.

Kjøkken, bad og garderobe innreiing: 
Kjøken er av type Nordsjø Riga Eik grå. Baderomsinnreiing av type Nordsjø Riga Eik, grå. I denne Riga serien, på kjøken og bad, kan du velje mellom fargane; Eik natur, Eik svart og Eik grå. På vårt bilde i prospektet viser vi; Eik Natur og Eik svart på kjøken, og Eik Sort på Bad. Du kan fritt velje frontar på kjøken Der er 120 cm seksjon med to skuffer og med spegel med integrerte lys. Garderobeskap leverer vi med eitt garderobeskap til kvar sengeplass. Alt blir levert og montert i h.h.t teikning.

Røyrleggar- / sanitærarbeid :
Anlegget vert levert komplett, og omfattar blant anna varmtvasstank (200L), avløp og uttak for vaskemaskin og oppvaskmaskin, eitt greps blandebatteri, dusjbatteri med dusjsett til bad, i h.h.t teikning. Det vert levert ei utekrane.

Ventilasjon:
God ventilasjon er avgjerande for eit godt innemiljø, og for å halde oppvarmingsutgiftene så lave som mogeleg. Derfor vert bustaden levert med balansert ventilasjon med varmegjenvinnar. Anlegget består av avtrekkskanalar frå kjøken, bad, wc, og samt tilførselskanalar og ventilar til opphaldsrom/soverom.

Elektriske installasjonar:
Elektrisk anlegg er utført etter gjeldande forskrifter som sikrar nok elektriske punkt. Sikringsskap med automatsikringar, jordfeilbrytar. Elektrikar gjer greie for punktplassering.

Uteplass:
Leilegheitene vil få terrasse mot sør-vest. Uteområdet vert levert maskinplanert og ein må rekne med å plukke stein, rake, så plen og plante sjølv. Interne vegar blir levert med asfalt.

For meir detaljer sjå leveringsskildring.