Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Pinndalen Hus F - 4 Ledig | Bygging i gang | 2-og 3-roms | inkl. parkering | Mulighet for carport

Storelia, 6813 Førde
Pris fra
3 090 000 kr

Soverom

1 - 2

Eieform

Eier (Selveier)

Boligtype

Leilighet

Primærrom

52 - 58 m2

Gårdsnr.

60

Bruksnr.

245
Ole Christian Stølsvik
Selger
Prosjektet bygges av

Byggmester Stølsvik AS

Byggmester Stølsvik AS er ei allsidig tømrarbedrift som held til i sentrum av Førde. Bedrifta vart etablert i 1979 og består i dag av godt kvalifiserte medarbeidarar. Vi utfører små og store oppdrag for privatmarknaden, offentlege bedrifter og næringslivet i både Førde og omegn.

Gå til forhandlersiden

Beskrivelse

Vi er klare for å presentere Pinndalen Hus F! Vi fortsetter med leilegheiter som er perfekte for blant anna førstegongskjøparar, men itillegg til det har vi utvida nokre leilegheiter for at det kan treffe fleire behov. Om du treng 1 eller 2 soverom, eller eit heimekontor, eller kanskje meir plass til oppbevaring, så har vi ei leilegheit til deg! I den nye bustadfeltet i Pinndalen bur du med kort avstand til Førde sentrum, i gåavstand til matbutikk, og du har turveg rett utanfor døra.

I bustadfeltet ynskjer vi å skape eit miljø som er ypperleg for førstegongskjøparen og nyetableraren så vel som barnefamiliar og eldre. Leilegheitene ligg i idylliske omgjevnader, omkransa av grøne friområde. Her kan du nyte livet og verkeleg føle deg heime. Leilighetene har eit bruksareal mellom 48 - 58 m2, og har gjennomgåande høg standard på material og overflater.

Beliggenheit

Bustadfeltet ligg ein kort køyretur frå Førde Sentrum. Følg E39 i retning Jølster, når ein har passert daglegvarebutikken på Bruland har ein Pinndalen på høgre side i svingen under Hafstadfjellet. Her er det godt utbygd gang og sykkelveg slik at ein lett kan ta sykkelen fatt til skule og jobb.
I bustadfeltet er det ein leikeplass som inneheld disser, sandkasse og plass til ballbane. I tillegg til dette er det kort veg til fine naturopplevingar då området ligg idyllisk til ved foten av Hafstadfjellet.

Om leilighetene

Leilegheitene i prosjektet har gjennomgåande høg standard på material og overflater, her er det valt gode løysingar som skapar rom for trivsel. Utvendig er det lagt vekt på å bruke material som er enkle å vedlikehalde. Den dobbelfalsa kledninga i kombinasjon med fasadeplater vil bidra til eit moderne uttrykk på fasaden. I likheit med dei andre leilegheitsbygga i bustadfeltet får bygget eit kubistisk formspråk for å halde det moderne uttrykket.

Alle leilegheitene på plan 2 har skrå himling i stove og kjøkken. Det gir ei svært god takhøgde og ei luftig kjensle. Her vil det strøyme inn godt med lys.

Høgdepunkter i leveransen


  • Golvet er laminat frå Berry Alloc på alle rom utanom bad. Denne har ein struktur og utsjånad som er svært naturtru.


  • Bad får keramiske flisar på golvet og baderomsplater på vegg. Her har vi av praktiske og estetiske årsaker laga moglegheit for å gøyme vekk vaskemaskina og varmtvasstanken bak skyvedører dersom det skulle være ønskeleg.


  • Baderomsinnreiing fra Linn Bad.

 

  • Kjøkkenet leverast av HTH eller tilsvarande, og vil ha eit stramt og tidsriktig uttrykk, her får du integrerte grep og frontar i høg kvalitet.


  • Varmekablar i gang, bad og stove/


  • Robotstøvsugar med vaskefunksjon, som både lettar reinhaldet, og bidrar til eit betre inneklima.


  • Alle leilegheitene får også med kvar sin sportsbod på ca. 5 m2.


  • Leilegheitene har ein eller to parkeringsplassar kvar. Nokre parkeringar kan oppgraderast til carport - Her er det første mann til mølla!

Andre prosjekter fra Byggmester Stølsvik AS