Hopp til hovedinnhold
1 / 0

5 ledige! 20 nye bustadar i Bakkegata i Ulsteinvik sentrum.

Storejonmarka, 6065 Ulsteinvik, 6065 Ulsteinvik
Pris fra
2 850 000 kr

Soverom

2 - 3

Eieform

Eier (Selveier)

Boligtype

Leilighet

Primærrom

67 - 87 m2

Gårdsnr.

7

Bruksnr.

488
Odd Martin Lindvik Velsvik
Salssjef

Beskrivelse

Nye bustadar i etablert buområde med gåavstand til sentrum.
I Ulsteinvik sentrum skal vi byggje fem moderne firemannsbustadar med totalt 20 bustadar i forskjellige størrelsar, og med variantar med både to og tre soverom. Kvar bustad har carport med sportsbod. I tillegg er der gjesteparkeringsplassar, sykkelparkering og nedgravne søppelsorteringsanlegg. Frå bustaden er det kort avstand til sentrum, skular, barnehage, idrettsanlegg, butikkar, badeanlegget eller biblioteket på Ulstein Arena. Vegen inn til carportane, og til bustadane vert asfalterte. Plenen vert levert ferdig tilsådd og vi plantar hekk. Leikeplassen vert opparbeid med m.a. reiestativ, benkar og bord i h.h.t. situasjonsplan. 

ENKEL SKILDRING AV KVA SOM ER MED I BUSTADEN

Ferdigstilling:
Bustaden vert levert i tråd med Teknisk Forskrift av 2017, og etter vårt nøkkelferdige konsept. Dusjveggar, møblar, kvitevarer og belysning er ikkje inkludert.

Utvendig overflate:
Utvendig bordkledning vert leverte med to strøk, eitt grunningsstrøk, og eitt mellomstrøk. På taket vert det levert takpapp. Berande konstruksjonar og dekke på balkong/terrasse består av trykkimpregnerte materiale.

Innreiing/måling:
Bustadane leverast med kvitmalte tak- og veggplater frå Huntonit. Dører, vindauge, listverk og fôringar til vindauga er kvite. Veggar og golv på bad er flislagde. På golvet i alle tørre rom vert det levert Berry Alloc høgtrykkslaminat. Innvendig bod der det er varmtvannstank har fliser på golv.

Kjøken, bad- og garderobeinnreiing: 
Kjøken og baderomsinnreiing er av type Nordsjø Riga serien. Desse vert leverte i h.h.t. arkitektteikning. Spegelen på bad har integrerte lys. Det vert levert 1m garderobeskap til kvar sengeplass, og desse vert plasserte i h.h.t teikning.

Røyrleggjararbeid:
Anlegget vert levert komplett, og omfattar blant anna varmtvasstank (200L), avløp og uttak for vaskemaskin og oppvaskmaskin. Dusjbatteri med garnityr til badet, i h.h.t teikning. Til kvart hus vert det levert utvendig vasskrane.

Ventilasjon og oppvarming:
God ventilasjon er avgjerande for eit godt innemiljø, og for å halde oppvarmingsutgiftene så lave som mogeleg. Difor vert bustadane leverte med balansert ventilasjon med varmegjenvinnar. Leilegheitene er levert med vassboren varme i golva på stove og kjøken. Vatnet vert oppvarma med hjelp av ei el. kolbe.

Elektriske installasjonar:
Elektrisk anlegg er utført etter gjeldande forskrifter. Du skal ha eige møte med elektrikar, og der går dokke gjennom punktplassering i din bustad.

Uteplass:
Leilegheitene har terrasse/veranda. Plenen leverast tilsådd, og vi planta hekk. Der vert sett ut reiestativ, sandkasse og benkar på plenarealet. Interne tilkomstvegar vert asfalterte.