Hopp til hovedinnhold

Hjelmeland Bygg AS - ÅRDAL

Om oss

Som sagt – så gjort
Hjelmeland bygg AS er ein godt etablert totalleverandør av nybygg og byggtenester.
Me har hovudkontoret vårt i Årdalstunet i Hjelmeland kommune. Me byggjer hus, hytter, næringsbygg og dessutan driftsbygningar for landbruket. Hos oss møter du fagfolk med lokal forankring som ønskjer å hjelpa deg med det du treng.

Bustadprosjekt
Hjelmeland bygg byggjer bustader folk trivst i. For tida er me aktive i desse bustadprosjekta:
HJELMELAND SENTRUM | Nye einebustader med fjordnær plassering som ligg i gangavstand til ferjeleie, butikk, idrettshall, skule og barnehage.
DALANE I ÅRDAL | Har du ein draum om ny einebustad med fredeleg plassering nær både fjord og skog? Dalane i Årdal er plassen for deg.

Hytteprosjekt
Me er i gang med fleire flotte hytteprosjekt. Her tilbyr me kvalitetshytter på gode tomter. For tida er me engasjerte desse stadene:
HOVDA HYTTEFELT
| Store tomter som ligg svært godt til med flott utsikt.
FOREVATNET, HJELMELAND | Eit svært fredeleg og naturskjønt område med sju tomter.
FJELLBERGSKARDET | Den best bevarte hyttehemmelegheita i den rogalandske fjellheimen!
STORANESET PÅ BREILAND, HJELMELAND | Her kan du nyta hjelmelandsnaturen i fulle drag.

Stolt forhandlar av Saltdalshytta
Saltdalshytta er ein kvalitetsleverandør som dei fleste kjenner til. I ei årrekkje har dei levert hytter som er designa for den norske naturen og klimaet vårt. Desse solide hyttene kjem i ulike versjonar og kan tilpassast ønska og behova dine.

Kontakt oss

Hva gjelder henvendelsen?

Din kontaktinformasjon

Hvor vil du bygge?

Hva kan vi hjelpe med?