Hopp til hovedinnhold

Hans Nes Bygg AS - HAFSLO

Om oss

Hjå oss finner du kvalitetsprodukt til gode priser. Me er oppteken av at du skal bli fornøgd med din handel og hjelper deg gjerne med gode råd, tips og veiledning.
I Byggeriet har du ein seriøs, solid og dyktig samarbeidspartnar.

Me håper at du ser på oss som et naturleg val enten du skal pusse opp, rehabilitere eller bygge nytt. Velkommen!

Historia
Hans Nes var fødd på Veitastrond 30. november 1909, som son av Johannes og Elina Nes. Dei dreiv eige gardsbruk, Rødevik, med fire kyr og nokre høns. På denne plassen var dei i alt ti søsken, sjølv om Hans budde tre år hjå farsystera og mannen hennar i Yngsdalen.

Hans gjekk på skule på Strondi, saman med 13-14 andre elevar og med Lars Skagen som lærar. Det var mange harde skuledager, men på fritida var det full aktivitet mellom anna på eigne ski og geiner, heimegjorde med reimar av kyrahud. Ein geining var mykje lik ein kjelke, men utan styre. Kan hende var det alt på denne tida Hans bestemde seg for at han ville arbeide med tre seinare.

Etter at skulen var avsluta, byrja Hans som dreng i Yngsdalen. Anna Lomheim, en yngre søster forteller at da han flytta heimefra fikk han kleda han gikk i, det var alt. Men han fikk rikelig av bønn til Gud for seg av foreldra. Arbeidsdagene var lange og strevsomme, ofte gikk han og til Hola for å hjelpe datteren til Ragnhild og Ola, Anna, som var gift der. Det var hardt arbeid, men dei hadde det godt, sa Hans seinere.

Han var fire år i Yngsdalen, så militæret hvor han trivdes godt, deretter tre år i snekkerlære på Hafslo hjå Nils Lomheim, som han også budde hos. Her hadde han det godt – når han tenkte tilbake var det berre lovord, særlig om kona.

Etter endt lære fortsatte Hans å arbeida hjå Nils, men flytta i eige hus og levde ungkarslivets glade dagar. Om kveldane var det å «pussa seg» og ut på livet med en gammel sykkel, både til Sogndal og Mollandsmarki. Snekkeren klarte seg sjøl med mat, vask, stryk og bøting, og han lo godt da han seinere fortalte om då han baka lomper.

Da Nils Lomheim etterhvert ble dårlig, ba han Hans starte for seg sjøl, noe han gjorde med god hjelp fra Nils. Da han kjøpte tomt og bygde hus i «funkebakken» hadde han 300 kroner. Han bygde alt aleine, verkstedet var i kjelleren, der han lagde vinduer og dører, og møbler til seg sjøl.

Høsten 1952 vart han gift, 45 år gammel, og fikk ungane Johannes, Eirik og Else. Verksted i kjelleren, kontor i stova, materiallager i vedhuset og tre-fire mann i arbeid i 15 år. Lønn, faktura og regneskap gjorde han sjøl.

I 1968 danna Hans sammen med sønen Johannes firmaet Hans Nes og Søn. Fleire ble ansett. 1970 bygde Hans nyhuset som han hadde resten av livet. I 1973 flytta familien inn her, med kontor i kjelleren.

Etterhvert trong dei meir plass, kjøpte midt på 70-tallet «krabbesagi» som nå er lager og kontor for firmaet. Noen år seinere flytte også Eirik fra jobb i Sogndal til Hans Nes. Hans sjøl var mye på verkstaden, med dører, vinduer, trapper og materialhåndtering. I tillegg var han også vaktmeister, begynte kl. 0600 om morgenen – når dei andre kom kl. 0700 var det varmt og morgenprat, og kl. 1900 avslutta gjerne Hans arbeidsdagen.

Sitat: «Beste eg veit er å stå opp om morgonen, ete frukost og reise på arbeid», men søndagen lå han ofte heile formiddagen på sofaen. Fra 1975 økte omsetningen, det var gode tider, fleire ansette kom til, og meir og meir av den daglege drifta gikk over til Eirik og Johannes, så i 1988 vart det Hans Nes Bygg A/S, og meir moderne utstyr vart teke i bruk – til mellom anna reknskapsføring. Det var ei modernisering Hans var usikker på, han ville gjerne ha kontroll over det som skjedde. Men fram til det siste var han ein aktiv deltakar i drifta – Hans Nes Bygg A/S var på mange måter livet hans.

Kontakt oss

Hva gjelder henvendelsen?

Din kontaktinformasjon

Hvor vil du bygge?

Hva kan vi hjelpe med?