Hopp til hovedinnhold

Engevik & Tislevoll AS - FITJAR

Om oss

Me er ein totalentreprenør med lang historie i Sunnhordlandsregionen
Med over 60 års erfaring i byggebransjen er me ein trygg og solid samarbeidspartner. Me tek kunden på alvor – anten det gjeld å setje opp eit naust i sjøkanten, eller ved bygging av ein skule der ungar skal trivast.

Me er ei sentralgodkjent totalentreprenørverksemd med hovudsete i Fitjar kommune.
Det heile starta som eit samarbeid mellom Torvald Engevik og Knut Tislevoll då Rimbareid skule skulle byggjast, tilbake i 1954. Andre generasjon stod for leiing av arbeidet då skulen vart bygd om og på i 2012, og i dag er tredje generasjon med på laget, med Terje Tislevoll som dagleg leiar.

Som totalentreprenør tek me for oss heile prosessen – frå idé, via første spadetak til kranseskål og avslutningsvis snorklypp.
• Teikning, søknad og prosjektering
• Tømmer- og betongarbeid
• Anleggsarbeid
• Lager og transport

Kontakt oss

Hva gjelder henvendelsen?

Din kontaktinformasjon

Hvor vil du bygge?

Hva kan vi hjelpe med?